Innlegg

Viser innlegg fra 2015

Spinninga har starta

Spinninga og styrketreninga starta opp på Gymnaset 13 oktober. Sjå sida Trening for meir info

Oppstart hausttrening

Treninga startar opp att tysdag 4 august kl 18 ved Felleskjøpet. For meir info og treningsplan sjå www.voss-sk.no/trening

Bilete frå 6-vatnsrunden

Bilete frå 6-vatnsrunden 2015 ligg no i det offentlege arkivet vårt som ligg i menyen til høgre.

Utetreninga startar tysdag 7 april.

Torsdag 26 mars er siste trening inne og vi takkar dei motiverte og motiverande trenarane våre Toril, Marta, Egil og Tryggve for ein hard og flott vinter. Utetreninga startar tysdag 7 april. Frammøte ved Felleskjøpet på Tvildemoen. Tirsdagar kl 18:00.   Roleg trening. Torsdagar kl 18:00.  Intensiv og spesifikk trening. Laurdagar kl 10:00.  Langtur utan trenar. Vegen gjennom Honveshagen opnar ikkje før i Juni. Det er vegarbeid etter Mønshaugen og ved Bjørgum. Tilstanden i Skjervet er også uviss. Den vedlagte treningsplanen er såleis berre rettleiande når det gjeld kvar vi syklar.  Les gjennom treningsreglementet. Pass på at sykkelen er i god stand slik at treningane vert gjennomførde på ein effektiv måte.  Kle deg godt og vel møtt til ein triveleg sesong. Seinare i april vil vi starte opp ei trimgruppe med lågare skuldrar.