Utetreninga startar tysdag 4 april 17
Torsdag 30 mars er siste trening inne og vi takkar dei motiverte og motiverande trenarane våre for ein hard og flott vinter. Vi treng fleire instruktørar til neste haust. MELD DYKK. Utetreninga startar tysdag 4 april. Frammøte ved Felleskjøpet på Tvildemoen. Tirsdagar kl 18:00. Roleg trening. Torsdagar kl 18:00. Intensiv og spesifikk trening. Laurdagar kl 10:00. Langtur utan trenar. Vi vil i år også ha to grupper: - Den tradisjonelle gruppa for «aktive» syklistar som gjerne syklar ritt med høg fart. Mykje fokus på feltsykling. Gruppa passer og for andre som ynskjer ei litt hardare trening. Treningane i denne gruppa er likevel sosiale og humørfylte. - Ei mosjonsgruppe som har en meir «avslappa» sykkelstil utan det sterke fokuset på prestasjonar. Merk at du også kan få lov å verta sveitt og få høg puls i denne gruppa også. Treningsplanene for begge gruppene ligg på sida "Trening". Les gjennom treningsreglementet på sida "Treni