Innlegg

Viser innlegg fra 2023

Verve- og introkveld i Voss Sykleklubb

Bilde
Onsdag 22. mars 2023 kl. 18:30 vert det verve/introkveld "Vil du sykla med oss?" Stad : Regimentsvegen 158 ("Skigutane-bygget" på Tvildemoen, underetasjen). Tema : Presentasjon av klubben og landevegssykling. Klubbmedlemmer fortel om korleis me trenar og kvifor nett du også kan få utbyte av å sykla med oss. Du treng ikkje ha ambisjonar om å sykla ritt, me er ein klubb for alle som syklar på landevegssykkel.  Det vert rikeleg tid til å stilla spørsmål og snakka med oss. Me får besøk av ein leverandør av klubbdrakter, og det vert høve til å prøva sykkelklede, hjelmar, osv. Velkomen! Kontaktinfo : Epost: vossykle@gmail.com