Innlegg

Viser innlegg fra 2014
Treninga startar opp att tirsdag 5 august med Voss-Geilo og Birken som hovudmål. Oppmøte som vanleg kl 18 tirsdagar og torsdagar ved Felleskjøpet. Treningsplanen ligg på sida "Trening"
Siste trening vert torsdag 12 juni. Vi har no trena lenge og folk har vel behov for å ta vare på familie og heim. Deltakinga i vår har vore god og vi har i snitt vore 14 ryttarar på trening, Takk for ein flott vår og vel møtt i august.
Bergsdalen opp og Den Grøne Sløyfa. Vi har att to lokale og spennande ritt. Laurdag 7 juni: Bergsdalen Opp, bakkeritt. Info og påmelding her.  Rittet er avlyst grunna lita deltaking. Laurdag 21 juni: Den Grøne Sløyfa, turritt Evanger Eidsland over Nesheimsfjellet. I nfo og påmelding her .

Bilete frå 6-vatnsrunden

Flotte bilete frå 6-vatnsrunden er no lagt ut i bildearkivet vårt. Sjå meny til høgre under avsnitt "Linkar".
Rittet vel gjennomført utan dei store uhell. Resultatlista finn du her. Resultatlista for 2013 er her.
Statens vegvesen skriv: Sidan etableringa av ny E16 langs Vangsvatnet har den hatt forbod for gåande og syklande. Dei har hatt eit parallelt tilbod på «gamlevegen», dels fylkesveg og dels kommunal veg. Denne sykkeltraseen er godt innarbeidd og mykje brukt både til arbeidsreiser og til rekreasjons/trening. Som fylgje av at eit parti av den kommunale vegen vart stengd etter skred 20. mars i år, vart sykkelruta broten. Derfor har Regionvegkontoret avgjort å mellombels (3 mnd) oppheve forbodet for gåande og syklande på E16 strekninga Djukastein - Kvåle. Ein legg til grunn to kompenserande tiltak: ·          Varsle køyrande med skilt at det er syklande på strekninga. ·          Gjere det kjend i lokalpresse at strekninga ikkje er godt tilrettelagd for familiesykkelturar med born og liknande. Det har vore nødvendig å gjere vedtaket med umiddelbar verknad. Dersom Politiet eller Voss kommune har merknader til vedtaket, kan skiltinga om nødvendig omarbeidast.
Vi startar sykkeltreninga tysdag 1 april. Frammøte ved Felleskjøpet på Tvildemoen kl 18:00 Roleg trening på tysdagar. Intensiv på torsdagar.  Kle deg etter været.  Det er viktig at sykkelen er i god stand og at du kan bruke gir og bremser Vel møtt til gamle og nye medlemer eit inkluderande miljø.
Terminlista for Region Vest er no klar. Sjå meny til venstre.