Innlegg

Viser innlegg fra mars, 2015

Utetreninga startar tysdag 7 april.

Torsdag 26 mars er siste trening inne og vi takkar dei motiverte og motiverande trenarane våre Toril, Marta, Egil og Tryggve for ein hard og flott vinter.
Utetreninga startar tysdag 7 april. Frammøte ved Felleskjøpet på Tvildemoen. Tirsdagar kl 18:00.   Roleg trening. Torsdagar kl 18:00.  Intensiv og spesifikk trening. Laurdagar kl 10:00.  Langtur utan trenar.
Vegen gjennom Honveshagen opnar ikkje før i Juni. Det er vegarbeid etter Mønshaugen og ved Bjørgum. Tilstanden i Skjervet er også uviss.
Den vedlagte treningsplanen er såleis berre rettleiande når det gjeld kvar vi syklar. Les gjennom treningsreglementet.
Pass på at sykkelen er i god stand slik at treningane vert gjennomførde på ein effektiv måte. Kle deg godt og vel møtt til ein triveleg sesong.
Seinare i april vil vi starte opp ei trimgruppe med lågare skuldrar.