Innlegg

Viser innlegg fra 2013

Innkalling til årsmøte

Det vert kalla inn til årsmøte på Stora Ringheim fredag 24 januar kl 18:00. På email er det sendt ut til alle medlemer: 1. S akliste. Forslag som skal handsamast på årsmøtet må vere sendt til styret seinast 2 veker før årsmøtet. 2. Forslag til organisasjonsplan som vi ber om at du les nøye. Organisasjonsplanen styre klubben i dagleg drift og skal godkjennast av årsmøtet Etter årsmøtet vert det festeleg samkoma med god mat og drikke. Klubben sponsar maten slik at medlemer betalar kr 250. Ein kan invitere med ektefelle eller sambuarar og dei får også ein sponsa pris på kr 400. Drikka betalar ein sjølv. Bindande påmelding til festen til aroen@americanbridge.net   innan 20 januar. Vel møtt.
Laurdagspinnig. Laurdagspinninga som roleg langtur med video startar laurdag 26 oktober. Vel møtt,
Treninga. Siste treningsdag ute vert torsdag 12 september. Spinning og styrketrening på gymnaset startar tirsdag 1 oktober. Det vert same opplegg som i fjor. Sjå sida trening for meir info
Haustritta. Laurdag 24 august gjekk Voss-Geilo for fyrste gong. 23 ryttarar frå Voss SK stilte til start og fullførde. Dei fleste sykla saman i felt utan å legga for mykje vekt på tida. Kjetil Isaksen var av dei 5 som kom fyrst til Geilo med den fantastiske tida 4:37.   Resultatlista finn du her. Laurdag 31 august gjekk Birken.  Anne-Grete Haugen fekk merket for 7. gong  og vart nr 5 som superbirkebeinar i trippelen i klassen sin. Olav Midttun starta for fyrste gong, kom inn på den sterke tida 03:37 og fekk merket. Trygve Soldal og Toril Horne klarde ikkje merket i år.  Resultatlista finn du her. Laurdag 31 august gjekk også rittet Den Grøne Sløyfa frå Evanger til Eidsland. Det var dårleg ver og bere 22 ryttarar silte til start. 5 ryttarar var frå Voss SK.  Resultatlista finn du her .
Haustreninga startar tysdag 6 august. Sjå sida trening for meir info. Velkomen til ein aktiv haust.
Graulera Kjetil Vi gratulerar Kjetil Isaksen, Voss SK som kom in på beste tid på Trondheim-Oslo. Han sykla for Team Atea og i gruppa hans var også Bjarte Vethe. Her er resultatlista 
6-Vatnsrunden 2013 Flott vær og elendige vegar. Takk for oppmøte og ein stor takk til dugnadgjengen. Her er link til resultatlista . Den vert oppdatert etter kvart. Det er teke mange foto. Her er link til fotoalbum nr 1 og her til fotoalbum nr 2 .
Påmeldinga til 6-vatnsrunden er no opna
Utetrening. Utetreninga startar tysdag 2 april. Sjå sida  Trening  for oppmøte, treningsplan og treningsreglement. Hugs å kle deg godt. Velkomen til gamle og nye medlemer.
6-vatnsrunden vert i år sundag 19 mai.
Det vert kalla inn til årsmøte på Stora Ringheim fredag 8 februar kl. 18:00 Forslag til saker på årsmøtet må vera komne til styret seinast 31 januar. Sakliste vert sendt ut seinare. Etter årsmøtet vert det festeleg samkoma med god mat og drikke. Klubben sponsar maten slik at medlemer betalar kr 250.  Ein kan invitere med ektefelle eller sambuarar men dei må då betale full pris, kr 550.  Drikka betalar ein sjølv. Bindande påmelding for festen til  aroen@americanbridge.net  innan 1 februar