6-Vatnsrunden 2013
Flott vær og elendige vegar. Takk for oppmøte og ein stor takk til dugnadgjengen.
Her er link til resultatlista. Den vert oppdatert etter kvart.
Det er teke mange foto.
Her er link til fotoalbum nr 1 og her til fotoalbum nr 2.
søndag 19. mai 2013
torsdag 21. mars 2013
onsdag 20. mars 2013
Utetrening.
Utetreninga startar tysdag 2 april. Sjå sida Trening for oppmøte, treningsplan og treningsreglement.
Hugs å kle deg godt. Velkomen til gamle og nye medlemer.

torsdag 10. januar 2013
Det vert kalla inn til
årsmøte på Stora Ringheim fredag 8 februar kl.
18:00
Forslag til saker på årsmøtet må vera komne til styret seinast 31 januar. Sakliste vert sendt ut
seinare.
Etter årsmøtet vert det festeleg samkoma med god mat og drikke.
Klubben sponsar maten slik at medlemer betalar kr 250. Ein kan invitere med ektefelle eller sambuarar men dei må då betale full pris, kr 550. Drikka betalar ein sjølv.
torsdag 13. desember 2012
tirsdag 18. september 2012
Tirsdag 2 oktober startar vi innetreninga med spinning på Voss Gymnas.
Sjå sida Trening for meir info. Vel møtt

mandag 20. august 2012
Resultatliste Den Grøne Sløyfa 2012
Nesheimsfjellet var like bratt som i fjor. Været var bra og det blei ny løyperekord i år med 1:42:13 av Nikolai Hanevik og Guillaume Potier. Fleire av deltakarane sette personlig rekord i dette harde rittet.
Resultatliste finn du her. Bilete ligg i arkivet vårt, sjå meny til høgre.

onsdag 1. august 2012
Vi startar opp treninga etter ferien tirsdag 7 august.
Frammøte ved Felleskjøpet på Tvildemoen kl 18:00
Trenigstiden og opplegget vert som tidlegare
Tirsdagar: Roleg trening.
Torsdagar: Intensiv og spesifikk trening.
Sjå sida Trening for treningsplan.
Merk at då det framleis er mange som har ferie kan vi verte utan trenar den fyrste veka. Den med mest erfaring tek då anvar og fyljger treningsplanen.

mandag 25. juni 2012
Den store stykeprøven
Med helga hadde vi 4 ryttarar som deltok i den store styrkepøven. På distansen Lillehammer-Oslo, 190 km fekk Kjetil Iskasen tida 4:06 som gav 2 plass i klasse M30-34 Dette var også 2 plass totalt. Stor prestasjon.
På distansen Trondheim-Oslo, 540 km var plasseringane og tidene:
K40-44: 13 Frøydis Gulbrå 20:47, M30-34: 42 Roger Eide 18:04, M45-49: 210 Trond Hagen 20:47
Bergen-Voss.
På BCK sine sider ligg det no ein god video. Etter 5:39 er det glimt av Tore Næss og Roger Eide. Det er eit interjuv med Jon Horvei på slutten.
tirsdag 19. juni 2012
Den Grøne Sløyfa (Evanger-Eidsland).
Laurdag 18 august kl 12:00 startar det fantastiske rittet. Raskt inn til Brekkhus og så det krevjande Nesheimsfjellet.
Her er linkar til meir info: invitasjon, løype og påmelding.

lørdag 9. juni 2012
Bergesdalen opp - Resultatliste.
Det vart eit hardt magadrag opp Bergsdalen i dag. Rittet krev sin mann (og kvinne).
Her er resultatlista.

søndag 3. juni 2012
Bergen-Voss
No er Bergen-Voss vel unnagjordt både for ryttarar og dugnadsgjengen.
Det var mange gode resultat og vi hadde 5 ryttarar med topp-ti plassering.
I klassen M 60-69 vart Knut Blikberg og Jon Horvei nr 3 og 4. Silje Rafaelsen vart nr 4 i K30-39. Kristin Slevolden nr 7 i K50-59 og Bente Himle nr 8 i K20-29.
Innsatsatsen frå alle son deltok i dugnadsarbeidet var enorm. Grunna ny startrekkefølge vart arrangementet langt men alle sto på med godt humør. TUSEN TAKK.

torsdag 31. mai 2012
Bergen-Voss 12 - Oppdatert dugnadsliste.
Oppdatert dugnadsliste er no sendt ut som gruppemail. Dersom du ikkje har fått mail så kan den lastast ned her.
Hugs og å melda deg på grillfesten. Her er invitasjonen.

onsdag 23. mai 2012
Etter Bergen-Voss er de vel klar for nok ein utfordring?
Dale IL, Voss SK og Bergsdalen IL arrangerer motbakkerittet Bergsdalen opp laurdag 9 juni.
mandag 21. mai 2012
Det vert mogeleg å henta startnummeret til Bergen-Voss på Voss i år også.
Sjå e-mail som er sendt og gje melding til Arne Røen, aroen@americanbridge.net dersom du ynskjer å henta det på Voss.

tirsdag 15. mai 2012
Her er oppdatert resultatliste med henvising til pulje,
Bilete tatt i Gjernesbakken, på Almeland og i Tjukkebygda er lagt inn i Picasa albumet vårt. Sjå menyen til høgre.

torsdag 12. april 2012
Den tradisjonelle mekkekvelden med instruksjon om slangeskift og vedlikehald vert onsdag 13 retting: 18 april kl 18:00 på Voss vidaregåande skule på Bryn. Verkstaden ligg på oppsida av skulen mot Tverrberg. Ta med sykkelen din, og ev slange og pumpeutstyr slik at du får prøva det under rettleiing. Du vil også få hjelp til justeringar av sykkel så langt vi har tid.
Vel møtt.
tirsdag 10. april 2012
søndag 11. mars 2012
Utetrening.
Utetreninga startar tysdag 3 april. Sjå sida Trening for oppmøte, treningsplan og treningsreglement.
Hugs å kle deg godt. Velkomen til gamle og nye medlemer.
Utetreninga startar tysdag 3 april. Sjå sida Trening for oppmøte, treningsplan og treningsreglement.
Hugs å kle deg godt. Velkomen til gamle og nye medlemer.
mandag 27. februar 2012
torsdag 2. februar 2012
tirsdag 17. januar 2012
fredag 13. januar 2012
Terminlista for 2012 ligg no på sida Trening.
6-vatnsrunden vert 13 mai
Den Grøne Sløyfa (Evanger-Eidslandet) vert 18 August.

søndag 8. januar 2012
torsdag 8. desember 2011
fredag 18. november 2011
tirsdag 15. november 2011
lørdag 29. oktober 2011
fredag 28. oktober 2011
Vi vil no flytta spinningstudioet til Voss Gymnas i gamle gymsalen. Denne vert eit fullverdig treningsstudio då det vert montert vekter, styrkeapparat og slynger.
Treningsstudioet i hovudsak vil verta brukt av idrettslina, personalet ved gymnaset og oss.
I gamle gymsalen er det stor takhøgd og vi reknar med betre luftkvalitet enn det vi har i dag.
På grunn av timeplanen til gymnaset må vi flytta mandagstreningane til tysdagane
Torsdagene vert som vanleg og vi får full råderett på laurdagane.
Garderobar med dusj vert i nye gymsalen.
Flytinga vert truleg i veke 45 som startar mandag 7 november.
Mandagstreninga går som vanleg denne veka.
Vi kjem tilbake til flyttedag når dette er bestemt.
Påmeldingskalendaren på Google vil verta oppdatert så sjå denne for nærmare info.
torsdag 15. september 2011
Innetreninga med spinning startar mandag 26 september.
Vi har 30 syklar og trenar 2 gonger i veka fast.
I tida november til februar trenar vi også laurdagar
Sjå sida Trening for meir info. Påmelding i Google kalendaren vår som i fjor.

mandag 5. september 2011
Rittet "Den Grøne Sløyfa" frå Evanger til Eidslandet vart gjennoført laurdag 3 sept. med mykje regn. Likevel var det eit trygt og triveleg ritt.
Ein stor takk til Den Gøne Sløyfa, EMIL og Eidslandet grendalag for svært god gjennomføring av rittet.
Resultatlista ligg på sida Resultatlister og bilete finn du i "VSK bildearkiv" som har link i høgre sidemeny.

onsdag 17. august 2011
Laurdag 3 september vert det arrangert sykkelritt frå Evanger til Eidsland.
Rittet er eir samarbeid mellom Den Grøne Sløyfa og Voss SK.
Innbydelse finn du her.

tirsdag 2. august 2011
mandag 27. juni 2011
Dersom du vil sykla fleire ritt i somar kan vi anbefale:
8 juli, Jotunheimen rundt, 430 km og kanskje det hardaste turrittet i Noreg.
9 juli, Sognefjellsrittet, 137 km frå Lom til Sogndal. Stor stigning og flott natur.
30 juli, Hardingarittet, 77 km frå Utne til Lofthus. Flat løype med stor fart.
Sjå koblingane for meir info og påmelding

onsdag 22. juni 2011
fredag 17. juni 2011
tirsdag 24. mai 2011
søndag 15. mai 2011
Restultatliste for 6-vatnsrunden ligg på sida for rittet, sjå menyen til, venstre.
Har du kommentarar eller rettingar så send melding til arne.roen@c2i.net

mandag 18. april 2011
lørdag 16. april 2011
fredag 15. april 2011
onsdag 23. mars 2011
Sykkeltreninga startar 5 april.
Tirsdag 5 april startar vi sykkeltreninga ute. Frammøte kl 18:00 ved Felleskjøpet på Tvildemoen. Meir info og treningsplan ligg på sida "Trening".
Vel møtt til gamle og nye medlemer. Kle deg godt.

mandag 21. februar 2011
tirsdag 8. februar 2011
Vi minner på årsmøtet i Voss sykleklubb onsdag 16. februar kl 19:00 i kantina i ”Sail Port” bygget i nedre leir på Tvildemoen. Saklista finn du her.
Johnny Laupsa-Borge har ein heilt unik kunnskap innan mat og ernæring. Han jobbar til dagleg som ernæringsrådgjevar ved Medisinsk Helsesenter AS i Ulvik og som fagjournalist i helsebladet "Mat og Helse". To dagar i månaden er han tilstades ved Voss Kiropraktorkontor for å gje råd og kunnskap om om ernæring til individuell tilpassning.
Det vert foredrag ved ernæringsfysiolog Johnny Laupsa-Borge : ”Feitt, karbohydrat og trening, korleis fungerer det?”
Vel møtt.
torsdag 13. januar 2011
tirsdag 11. januar 2011
Invitasjon til 30 års jubileumsfesten 5 februar er no sendt ut per brev. Hugs å malde deg på så snart som mogeleg til Kristi Haugsgjerd, k-haugsg@online.no, mobil 91 60 24 05.
fredag 7. januar 2011
tirsdag 28. desember 2010
På sida sida Trening er det lagt til ei kobling til BCK sine sider der det er mykje nyttig informasjon om trening, kosthald, teknikk m.m.
22.12.10
Dette er den nye internettsida vår. Innhaldet er som før og det meste av tidlegare stoff er lagt over. Dersom du la den gamle internettsida inn som favoritt vil du ikkje koma direkte inn. Legg denne sida til favorittar nok ein gong så skal det verke bra.
Voss sykleklubb ynskjer alle medlemer og sykkelvener ei God Jul.
19.12.10
På grunn av stenging av idrettshallen i jula vert det berre desse treningane:
Mandag 20 desember kl 19.
Mandag 27 desember kl 19.
Mandag 3 januar startar vi opp med fullt program.
18.12.10

Julaspinninga vart ein stor suksess. Med Paul, Thorbjørn og Toril som kapteinar sykle vi Bergen-Voss på under 3 timar. Bilete og videoar på storskjerm inspirerte til stor innsats.
Etter intense forhnadlingar lukkast det oss å få engasjert Julenissen i ei travel tid. Han langa mat og drikke og det såg ut som om han hadde sykkelgener i blodet. Ventilasjonsanlegget var ute av drift på grunn av ombygging og det vart like varmt som i Skjervet i juni. Samla så sveitta vi omlag 40 liter.
09.11.10
Innetreninga med spinning har starta. Vi har no 30 syklar og trenar 3 gonger i veka ut året. Sjå sida Trening for meir info. Påmelding i Google kalendaren vår som i fjor.
29.08.10
Alle VSK medlemer som stilte opp på Birke på laudag klarte merket. Vi graulerer:
Anne-Grete Haugen, Åane Bjørnstad, Steinar Røthe, Tryggve Soldal og Bjørn Hystad.
25.08.10
På sida til Turrtitt.com ligg det aldelskalendarar for fleire turritt, m.a. Bergen-Voss, Trondheim-Oslo og Jontunheimen rundt. I toppmenyen går ein inn på Resultat og då opnar det seg ein undemeny der ein kan velga å søka på ryttar eller ritt.

14.12.10

Lista viser at av våre medlemer har Øyvind Kvamme sykla Bergen-Voss 18 gonger! Jan Kåre Tveite har sykla 16 gonger og Ragnhild Raa Ravndal 10 gonger.
27.07.10
Treninga startar opp att etter somarferien tirsdag 3 august. Sjå sida Trening for tider, møteplass og treningsplan.

21.07.10
På sida Lover og reglar ligg det no ei god brosjyre som viser våre rettar og plikter i trafikken.
28.06.10
Etter ei kjempetid på Bergen-Voss med 4:20 stilte Paul Skeie opp til Trondheim-Oslo med Bergen CK sitt lag for å slå lagsrekorden deira på 14:26. Regnver og motvind gjorde dette umogeleg. Paul låg i rulla heile tida og imponerte med sterk
kjøring. Tida deira vart 14:57. Me GRATULERER Paul.
Frøydis Gulbrå kom inn på tida 19:10, noko som heldt til 13 plass i klassen. Flott innsats.
10.06.10
Bilete frå Bergen-Voss 2010
På Sykkelnytt finn du 3000 bilete frå Skjervet.
På BCK sine sider finn du bileta til Tom Guldbrandsen.
07.06.10
Så er Bergen-Voss over for denne gongen med mange gode resultat. Dei fleste (om ikkje alle) sette nye personlege
rekordar. Heile 35 frå klubben gjennomførte. Det er omlag ein tredjedal av medlemene
Særleg jentene imponerte. Kristin, Bente, Frøydis og Toril kom alle høgt opp på lista i klassane sine.
Ein STOR TAKK till alle som deltok i dugnadsarbeidet, både dei som sykla og dei andre. Det vart ein lang dag (dagar) for mange.
03.06.10
No kan startnumra hentast i kassa på G-Sport.
02.06.10
Her er oppdatert vaktliste for fredag og laurdag.
28.05.10
Det nærmar seg Bergen-Voss og den store dugnaden vår i samband med eit av dei største turritta i landet.
Det er sent mail til alle medlemer om når dei skal stilla opp fordugnadsarbeid. Alle må sjekke lista for å sjå korti dei er sett
opp på vakt og elles om dei er ført opp feil. Det er til saman 3 sider som dekker 2 dagar og du kan vera oppsett fleire plassar
så sjekk nøye alle sidene.Vi har prøvd å fordela arbeidet jamt på dykk men det har vore svært vanskeleg å få til. Det er særleg den store busstransporten tilbake til Bergen som krev store ressursar.Det vert til saman sendt avgarde 14 bussar og 8 trailerar for syklar som vi skal laste.
27.05.10
Lista for henting av startnummer på Voss er no sendt til BCK.Dersom du har tinga henting på Voss så sjekk for sikkerheits
skuld at du står på lista.Startnumra kam hentast på G-Sport frå torsdag 3 juni. Dersom du ikkje har tinga henting gjennom VSK må du no ordne deg sjølv
21.05.10
Statnummer til Bergen-Voss kan hentast på BCK sitt rittkontor frå mandag 31 mai kl 10:00.Som i fjor kan vi få ordne det slik at vi kan hente startnumra på Voss i slutten av veka.
DERSOM DU VIL HENTE STARTNUMMERET PÅ VOSS SÅ
MÅ DU SVARE PÅ EMAILEN SOM ER SENDT ELLER SENDE
MELDING TIL aroen@americanbridge.net.
12.05.10
Rune Herheim sin film av 6-vatnsrunden på YouTube
09.05.10
Takk til deltakarar og dugnadsgjeng for vel gjennomført ritt. Vi har ein Dr. Met. i klubben vår, men han makta diverre ikkje å gjera noko med motvinden, det bles frå nord i alle retningar. Reultatliste vil verta retta for feil kvar dag, sjå sida for 6-vatnsrunden. I billedgalleriet (link til høgre)vert det lagt ut bilete etter som dei kjem inn. Vel møtt til neste år.
08.05.10
Foreløpig puljeinndeling ligg på sida for 6-vatnsrunden.
04.05.10
Siste dag for forhåndspåmelding til 6-vatnsrunden er torsdag 6 mai.
24.04.10
Startidene for Bergen-Voss er no lagt ut på BCK sine sider.
21.04.10
No er sykkeldraktene komne. Ta kontakt, 47 41 76 40, for utlevering. 21.04.10
Det vert mekkeveld på Voss viadaregåande skule på Bryn (yrkesskulen) madag 26 april kl 18:00. Inngang på oppsida mot vest. Ta med sykkkel og utstyr for slangeskift.
13.04.10
Sykkel til sals
12.04.10
1 mai går turrittet os Rundt. Sjå invitasjon her.
NB! Vi får stadig vekk e-mailer med invitasjoner til ritt. På sida her legg vi ut berre invitasjonar som vi trur er av spesiell interesse for dei fleste av medlemene. Dersom du ynskjer å konkurera meir er det mange ritt i Hordaland, for oversikt sjå terminlista til Hordaland Cykelekrets på sida Terminliste. I terminlista er det direkte linkar til klubbar og invitasjonar.
08.04.10
Det er mange som er usikre på innstilling av sykkelen. På sida Trening ligg det 3 linkar med nyttig og detaljert info.
29.03.10.
Hugs utetreninga på sykkel som startar rett etter påske, tirsdag 6 april. Frammøte ved Felleskjøpet på Tvildemoen kl 18:00. Treningsreglar og treningsplan ligg på sida: Trening.
23.03.10.
Voss idrettshall er steng mandag 29 mars. Det vert såleis inga spinning. Siste trening torsdag 25 mars.
19.03.10
Påmeldinga til 6-vatnsrunden 9 mai er åpna.
17.03.10Me startar opp utetreninga på sykkel tirsdag 6 april. Frammøte ved Felleskjøpet på Tvildemoen. Meir info og treningsplan ligg på sida Trening.
11.03.10
Vossevangen CK inviterer til vinterduatlon (sykkel/ski) 11 april. Sjå invitasjon her.
08.03.10.
Sykkel til sals. Sjå her
16.02.10
Påmeldinga Nordhordaland Rundt 16 mai er opna. Påmelding her.
14.02.10
Her er linkar til to nye internettsider om sykkel: Syklistene og Sykkelnytt.
Ande bra sider er: Velonews, Cycling Weekly og Feltet.
12.02.10
Sjå artikkel i bladet "Ren Idrett" om antidopingarbeid på Voss
28.01.10
Vi oppfordrar alle medlemer til å ta e-æringskurset "ren utøver"
Som ligg i meyen til høgre. Her får du mykje kunnskap.
27.01.10
Voss sykleklubb har no fått sertifikat som Reint Idrettslag. På årsmøtet ver det foredrag ved Antidoping Norge. Møt opp og få kunnskap om kva som går føre seg i idretten og arbeid mot doping. Sjå lenkane til høgre for meit info.
10.01.10
Årsmøte tysdag 9 februar kl 19:00 i kantina i ”Sail Port” bygget i nedre leir på Tvildemoen. Vanlege årsmøtesaker. Framlegg for årsmøtet skal vera levert styret 14 dagar før møtet. Enkel servering og føredrag om antidoping arbeid ved Jan de Lange frå Antidoping Norge.Vel møtt!03.01.10Vi startar opp att treninga mandag 4 januar.
Treningsplan finn du på sida "trening"

Abonner på:
Innlegg (Atom)