Innlegg

Viser innlegg fra 2012
Den tradisjonelle jolaspinninga vert torsdag 20 desember kl 18:00 til 20:30. Invitasjon er sendt på  email.og det er påmelding som vanleg. Vi har no 35 syklar så det burde vera plass til alle. Tordag 27 desember vert det vanleg spinning kl 16.
Vel møtt.
Tirsdag 2 oktober startar vi innetreninga med spinning på Voss Gymnas.
Sjå sida Trening for meir info. Vel møtt
Resultatliste Den Grøne Sløyfa 2012
Nesheimsfjellet var like bratt som i fjor. Været var bra og det blei ny løyperekord i år med 1:42:13 av Nikolai Hanevik og Guillaume Potier. Fleire av deltakarane sette personlig rekord i dette harde rittet.
Resultatliste finn du her.  Bilete ligg i arkivet vårt, sjå meny til høgre.
Vi startar opp treninga etter ferien tirsdag 7 august.
Frammøte ved Felleskjøpet på Tvildemoen kl 18:00
Trenigstiden og opplegget vert som tidlegare
Tirsdagar:   Roleg trening.
Torsdagar:  Intensiv og spesifikk trening.
Sjå sida Trening for treningsplan.

Merk at då det framleis er mange som har ferie kan vi verte utan trenar den fyrste veka. Den med mest erfaring tek då anvar og fyljger treningsplanen.
Den store stykeprøven Med helga hadde vi 4 ryttarar som deltok i den store styrkepøven. På distansen Lillehammer-Oslo, 190 km fekk Kjetil Iskasen tida 4:06 som gav 2 plass i klasse M30-34 Dette var også 2 plass totalt. Stor prestasjon. På distansen Trondheim-Oslo, 540 km var plasseringane og tidene: K40-44: 13 Frøydis Gulbrå 20:47, M30-34: 42 Roger Eide 18:04, M45-49: 210 Trond Hagen 20:47
Bergen-Voss. På BCK sine sider ligg det no ein god video. Etter 5:39 er det glimt av Tore Næss og Roger Eide. Det er eit interjuv med Jon Horvei på slutten.
Den Grøne Sløyfa (Evanger-Eidsland).
Laurdag 18 august kl 12:00 startar det fantastiske rittet. Raskt inn til Brekkhus og så det krevjande Nesheimsfjellet.
Her er linkar til meir info: invitasjonløype og påmelding.
Bergesdalen opp - Resultatliste.
Det vart eit hardt magadrag opp Bergsdalen i dag. Rittet krev sin mann (og kvinne).
Her er resultatlista.
Bergen-Voss
No er Bergen-Voss vel unnagjordt både for ryttarar og dugnadsgjengen.
Det var mange gode resultat og vi hadde 5 ryttarar med topp-ti plassering.
I klassen M 60-69 vart Knut Blikberg og Jon Horvei nr 3 og 4. Silje Rafaelsen vart nr 4 i K30-39. Kristin Slevolden nr 7 i K50-59 og Bente Himle nr 8 i K20-29.
Innsatsatsen frå alle son deltok i dugnadsarbeidet var enorm. Grunna ny startrekkefølge vart arrangementet langt men alle sto på med godt humør. TUSEN TAKK.
Bergen-Voss 12 - Oppdatert dugnadsliste.
Oppdatert dugnadsliste er no sendt ut som gruppemail. Dersom du ikkje har fått mail så kan den lastast ned her.
Hugs og å melda deg på grillfesten. Her er invitasjonen.
Etter Bergen-Voss er de vel klar for nok ein utfordring? Dale IL, Voss SK og Bergsdalen IL arrangerer motbakkerittetBergsdalen opp laurdag 9 juni.
Det vert mogeleg å henta startnummeret til Bergen-Voss på Voss i år også.
Sjå e-mail som er sendt og gje melding til Arne Røen, aroen@americanbridge.net dersom du ynskjer å henta det på Voss.
Her er oppdatert resultatliste med henvising til pulje,
Bilete tatt i Gjernesbakken, på Almeland og i Tjukkebygda er lagt inn i Picasa albumet vårt. Sjå menyen til høgre.
Den tradisjonelle mekkekvelden med instruksjon om slangeskift og vedlikehald vert onsdag 13  retting: 18 april kl 18:00 på Voss vidaregåande skule på Bryn. Verkstaden ligg på oppsida av skulen mot Tverrberg. Ta med sykkelen din, og ev slange og pumpeutstyr slik at du får prøva det under rettleiing. Du vil også få hjelp til justeringar av sykkel så langt vi har tid. Vel møtt.
Påmeldinga til 6-vatnsrunden 13 mai er no opna. Sjå sida 6-vatnsrunden.
Utetrening.
Utetreninga startar tysdag 3 april. Sjå sida Trening for oppmøte, treningsplan og treningsreglement.
Hugs å kle deg godt. Velkomen til gamle og nye medlemer.
Påmeldinga til Nordhordaland Rundt er no opna.
Sjå linken til Nordhordland sykkelklubb i menyen til høgre.
FLYTTING AV ÅRSMØTE
Årsmøtet vert flytta til onsdag 22 februar kl 19:00
Framleis vert møtet i "Sail Port" bygget i nedre leir på Tvildemoen.
ENDRING AV TRENINGSTID. Frå og med tirsdag 24 januar og ut sesongen startar tirsdagsspinninga kl 18:00. Torsdagsspinninga forset til same tid, 18:30.
Det vert årsmøte onsdag 15. februar kl 19:00 i kantina i ”Sail Port” bygget i nedre leir på Tvildemoen. Vanlege årsmøtesaker. Framlegg for årsmøtet skal vera levert styret 14 dagar før møtet. Enkel servering. Vel møtt!
Terminlista for 2012 ligg no på sida Trening.
6-vatnsrunden vert 13 mai
Den Grøne Sløyfa (Evanger-Eidslandet) vert 18 August.
ENDRING AV TRENINGSTID. Frå og med torsdag 12 januar og ut sesongen startar torsdagsspinninga kl 18:30. Tysdagsspinninga forset til same tid, 17:30.