Utetreninga startar tysdag 7 april.

Torsdag 26 mars er siste trening inne og vi takkar dei motiverte og motiverande trenarane våre Toril, Marta, Egil og Tryggve for ein hard og flott vinter.

Utetreninga startar tysdag 7 april.
Frammøte ved Felleskjøpet på Tvildemoen.
Tirsdagar kl 18:00.   Roleg trening.
Torsdagar kl 18:00.  Intensiv og spesifikk trening.
Laurdagar kl 10:00.  Langtur utan trenar.

Vegen gjennom Honveshagen opnar ikkje før i Juni. Det er vegarbeid etter Mønshaugen og ved Bjørgum. Tilstanden i Skjervet er også uviss.
Den vedlagte treningsplanen er såleis berre rettleiande når det gjeld kvar vi syklar. 
Les gjennom treningsreglementet.

Pass på at sykkelen er i god stand slik at treningane vert gjennomførde på ein effektiv måte. Kle deg godt og vel møtt til ein triveleg sesong.

Seinare i april vil vi starte opp ei trimgruppe med lågare skuldrar.

Populære innlegg fra denne bloggen

Verve- og introkveld i Voss Sykleklubb

Utetreninga startar 2 april 19