Innlegg

Viser innlegg fra 2011
Det vert 3 timar jolaspinning tirsdag 20 desember kl 17:30. Sjå påmeldingskalendaren for meir info
Laurdagspinninga komande laurdag, 26 november vert kl 14-17.
No er spinningsyklane flytta opp på gymnaset. Det vert laurdagspinning 19 november. Ta med DVD film. Sjå elles påmeldingskalendaren for nye dagar og tider.
Torsdag 17 november flyttar vi spinningsyklane til Voss gymnas. Det vert difor inga trening denne dagen.
Då startar vi opp med laurdagspinning laurdag 5 november frå kl 09:00 til 12:00. Egil Brekke vert ansvarshavande. Påmelding på kalenderen som vanleg. Ta med DVD film.
Vi vil no flytta spinningstudioet til Voss Gymnas i gamle gymsalen. Denne vert eit fullverdig treningsstudio då det vert montert vekter, styrkeapparat og slynger. Treningsstudioet i hovudsak vil verta brukt av idrettslina, personalet ved gymnaset og oss. I gamle gymsalen er det stor takhøgd og vi reknar med betre luftkvalitet enn det vi har i dag. På grunn av timeplanen til gymnaset må vi flytta mandagstreningane til tysdagane Torsdagene vert som vanleg og vi får full råderett på laurdagane. Garderobar med dusj vert i nye gymsalen. Flytinga vert truleg i veke 45 som startar mandag 7 november. Mandagstreninga går som vanleg denne veka. Vi kjem tilbake til flyttedag når dette er bestemt. Påmeldingskalendaren på Google vil verta oppdatert så sjå denne for nærmare info. Til flyttinga treng vi sterke menn. Meld dykk til Egil Brekke, eg-brek@online.no mobil 91 58 84 50
Innetreninga med spinning startar mandag 26 september . Vi har 30 syklar og trenar 2 gonger i veka fast. I tida november til februar trenar vi også  laurdagar  Sjå sida Trening for meir info. Påmelding i Google kalendaren vår som i fjor.
Rittet "Den Grøne Sløyfa" frå Evanger til Eidslandet vart gjennoført laurdag 3 sept. med mykje regn. Likevel var det eit trygt og triveleg ritt. Ein stor takk til Den Gøne Sløyfa, EMIL og Eidslandet grendalag for svært god gjennomføring av rittet. Resultatlista ligg på sida Resultatlister  og bilete finn du i "VSK bildearkiv" som har link i høgre sidemeny.
Laurdag 3 september vert det arrangert sykkelritt frå Evanger til Eidsland. Rittet er eir samarbeid mellom Den Grøne Sløyfa og Voss SK. Innbydelse finn du her.
Vi startar opp treninga etter ferien tirsdag 9 august. Frammøte ved Felleskjøpet på Tvildemoen kl 18:00 Trenigstiden og opplegget vert som tidlegare Tirsdagar:   Roleg trening. Torsdagar:  Intensiv og spesifikk trening. Sjå sida Trening for treningsplan.
Dersom du vil sykla fleire ritt i somar kan vi anbefale: 8 juli,  Jotunheimen rundt , 430 km og kanskje det hardaste turrittet i Noreg. 9 juli,  Sognefjellsrittet , 137 km frå Lom til Sogndal. Stor stigning og flott natur. 30 juli, Hardingarittet , 77 km frå Utne til Lofthus. Flat løype med stor fart. Sjå koblingane for meir info og påmelding
Bilde
Siste treninga før ferien var til Hamlagø i flott vær og liten trafikk. Vi startar opp treninga etter ferien i byrjinga av august. Fylg med på heimesida. Ha ein flott somar og bruk gjerne Twitter for å få nokon å sykla med.
Bilde
Helsing frå Bergen Cykleklubb "for uvurderlig hjelp" under Bergen-Voss 2011. Huga at siste utetreninga vert tirsdag 21 juni. Vi startar opp att i byrjinga av august. God somar!!
Dei som har bestilt henting av starnummer for Bergen-Voss kan henta det på sykkelbutikken til Endeve Sport i Uttrågata. Startnumra vil vera på plass onsdag 1 juni om føremiddagen.
Sjå Rune Herheim sin video på YouTube frå 6-vatnsrunden 2011
Restultatliste for 6-vatnsrunden ligg på sida for rittet, sjå menyen til, venstre. Har du kommentarar eller rettingar så send melding til arne.roen@c2i.net
Påmeldinga til 6-vatnsrunden 2011 er opna.
Hugs trafikkreglane for syklistar.
To flotte sykkar til sals.
Sykkeltreninga startar 5 april. Tirsdag 5 april startar vi sykkeltreninga ute. Frammøte kl 18:00 ved Felleskjøpet på Tvildemoen. Meir info og treningsplan ligg på sida "Trening". Vel møtt til gamle og nye medlemer. Kle deg godt.
På sida "Trening" kan du lasta ned Johnny Laupsa-Borge sitt foredrag om lavkarbokosthald og trening.
Vi minner på årsmøtet i Voss sykleklubb onsdag 16. februar kl 19:00 i kantina i ”Sail Port” bygget i nedre leir på Tvildemoen. Saklista finn du her. Det vert foredrag ved ernæringsfysiolog Johnny Laupsa-Borge : ”Feitt, karbohydrat og trening, korleis fungerer det?” Johnny Laupsa-Borge har ein heilt unik kunnskap innan mat og ernæring. Han jobbar til dagleg som ernæringsrådgjevar ved Medisinsk Helsesenter AS i Ulvik og som fagjournalist i helsebladet "Mat og Helse". To dagar i månaden er han tilstades ved Voss Kiropraktorkontor for å gje råd og kunnskap om om ernæring til individuell tilpassning. Vel møtt.
Årsmøte Det vert årsmøte onsdag 16. februar kl 19:00 i kantina i ”Sail Port” bygget i nedre leir på Tvildemoen. Vanlege årsmøtesaker. Framlegg for årsmøtet skal vera levert styret 14 dagar før møtet. Enkel servering. Vel møtt!
Invitasjon til 30 års jubileumsfesten 5 februar er no sendt ut per brev. Hugs å malde deg på så snart som mogeleg til Kristi Haugsgjerd, k-haugsg@online.no , mobil 91 60 24 05.
Her er link til terminlista for 2011