Torsdag 26 mars er siste trening inne og vi takkar dei motiverte og motiverande trenarane våre Toril, Marta, Egil og Tryggve for ein hard og flott vinter.     Utetreninga startar tysdag 7 april.   Frammøte ved Felleskjøpet på Tvildemoen.   Tirsdagar kl 18:00.   Roleg trening.   Torsdagar kl 18:00.  Intensiv og spesifikk trening.   Laurdagar kl 10:00.  Langtur utan trenar.     Vegen gjennom Honveshagen opnar ikkje før i Juni. Det er vegarbeid etter Mønshaugen og ved Bjørgum. Tilstanden i Skjervet er også uviss.  Den vedlagte treningsplanen er såleis berre rettleiande når det gjeld kvar vi syklar.  Les gjennom treningsreglementet.     Pass på at sykkelen er i god stand slik at treningane vert gjennomførde på ein effektiv måte.  Kle deg godt og vel møtt til ein triveleg sesong.     Seinare i april vil vi starte opp ei trimgruppe med lågare skuldrar.