Onsdag 22. mars 2023 kl. 18:30 vert det verve/introkveld "Vil du sykla med oss?" Stad : Regimentsvegen 158 ("Skigutane-bygget" på Tvildemoen, underetasjen). Tema : Presentasjon av klubben og landevegssykling. Klubbmedlemmer fortel om korleis me trenar og kvifor nett du også kan få utbyte av å sykla med oss. Du treng ikkje ha ambisjonar om å sykla ritt, me er ein klubb for alle som syklar på landevegssykkel. Det vert rikeleg tid til å stilla spørsmål og snakka med oss. Me får besøk av ein leverandør av klubbdrakter, og det vert høve til å prøva sykkelklede, hjelmar, osv. Velkomen! Kontaktinfo : Epost: vossykle@gmail.com
Utetreninga startar tysdag 2 april. Frammøte ved Felleskjøpet på Tvildemoen kl 18:00. Tysdagar er det roleg trening. Torsdagar er det intensiv og spesifikk trening. Laurdagar kl 10:00. Langtur utan trenar. Onsdag 20 mars er siste trening inne og vi takkar dei motiverte og motiverande trenarane våre for ein hard og flott vinter.