lørdag 21. desember 2013

Innkalling til årsmøte

Det vert kalla inn til årsmøte på Stora Ringheim fredag 24 januar kl 18:00.
På email er det sendt ut til alle medlemer:
1. Sakliste. Forslag som skal handsamast på årsmøtet må vere sendt til styret seinast 2 veker før årsmøtet.
2. Forslag til organisasjonsplan som vi ber om at du les nøye. Organisasjonsplanen styre klubben i dagleg drift og skal godkjennast av årsmøtet

Etter årsmøtet vert det festeleg samkoma med god mat og drikke. Klubben sponsar maten slik at medlemer betalar kr 250.
Ein kan invitere med ektefelle eller sambuarar og dei får også ein sponsa pris på kr 400.
Drikka betalar ein sjølv.
Bindande påmelding til festen til aroen@americanbridge.net  innan 20 januar.

Vel møtt.