Haustritta.
Laurdag 24 august gjekk Voss-Geilo for fyrste gong. 23 ryttarar frå Voss SK stilte til start og fullførde. Dei fleste sykla saman i felt utan å legga for mykje vekt på tida. Kjetil Isaksen var av dei 5 som kom fyrst til Geilo med den fantastiske tida 4:37. 
Resultatlista finn du her.

Laurdag 31 august gjekk Birken.  Anne-Grete Haugen fekk merket for 7. gong  og vart nr 5 som superbirkebeinar i trippelen i klassen sin. Olav Midttun starta for fyrste gong, kom inn på den sterke tida 03:37 og fekk merket. Trygve Soldal og Toril Horne klarde ikkje merket i år. 
Resultatlista finn du her.

Laurdag 31 august gjekk også rittet Den Grøne Sløyfa frå Evanger til Eidsland. Det var dårleg ver og bere 22 ryttarar silte til start. 5 ryttarar var frå Voss SK. 

Resultatlista finn du her.

Populære innlegg fra denne bloggen

Verve- og introkveld i Voss Sykleklubb

Utetreninga startar 2 april 19