Verve- og introkveld i Voss Sykleklubb

Onsdag 22. mars 2023 kl. 18:30 vert det verve/introkveld "Vil du sykla med oss?"
Stad: Regimentsvegen 158 ("Skigutane-bygget" på Tvildemoen, underetasjen).
Tema: Presentasjon av klubben og landevegssykling.


Klubbmedlemmer fortel om korleis me trenar og kvifor nett du også kan få utbyte av å sykla med oss. Du treng ikkje ha ambisjonar om å sykla ritt, me er ein klubb for alle som syklar på landevegssykkel. 
Det vert rikeleg tid til å stilla spørsmål og snakka med oss. Me får besøk av ein leverandør av klubbdrakter, og det vert høve til å prøva sykkelklede, hjelmar, osv.

Velkomen!


Kontaktinfo:

Populære innlegg fra denne bloggen

Utetreninga startar 2 april 19