Utetreninga er i gang - treningsplan våren 2024

Innetreninga er avslutta for denne gongen. Takk til dei inspirerande instruktørane våre!


Utetrening:

Tirsdager kl. 18:    Roleg trening, feltsyklingsteknikk og individuell teknikk
Torsdager kl. 18:   Tyngre trening, gjerne i pulssone 3 eller 4.
Helger:                  Langtur uten trener. Bruk gjerne FB-sida om du skipar deg på eigne turar i helgane.

Frammøte ved Amfi, om ikkje anna er nemnt. Møt i rett tid med sykkelen i orden og utstyr for å handtera punktering. Kle deg etter vêret og vêrmeldinga.


Planen er rettleiande. Treningane kan verta endra etter vêr og oppmøte. I tilfelle uvanleg dårleg eller kaldt vêr kan treninga den dagen verta avlyst. Eventuelle endringar vert kunngjorde på Facebook-sida vår innan kl. 17:00 på den same dagen. 


Velkommen på trening!


Populære innlegg fra denne bloggen

Verve- og introkveld i Voss Sykleklubb

Utetreninga startar 2 april 19