Innlegg

Laurdag 3 september vert det arrangert sykkelritt frå Evanger til Eidsland. Rittet er eir samarbeid mellom Den Grøne Sløyfa og Voss SK. Innbydelse finn du her.
Vi startar opp treninga etter ferien tirsdag 9 august. Frammøte ved Felleskjøpet på Tvildemoen kl 18:00 Trenigstiden og opplegget vert som tidlegare Tirsdagar:   Roleg trening. Torsdagar:  Intensiv og spesifikk trening. Sjå sida Trening for treningsplan.
Dersom du vil sykla fleire ritt i somar kan vi anbefale: 8 juli,  Jotunheimen rundt , 430 km og kanskje det hardaste turrittet i Noreg. 9 juli,  Sognefjellsrittet , 137 km frå Lom til Sogndal. Stor stigning og flott natur. 30 juli, Hardingarittet , 77 km frå Utne til Lofthus. Flat løype med stor fart. Sjå koblingane for meir info og påmelding
Bilde
Siste treninga før ferien var til Hamlagø i flott vær og liten trafikk. Vi startar opp treninga etter ferien i byrjinga av august. Fylg med på heimesida. Ha ein flott somar og bruk gjerne Twitter for å få nokon å sykla med.
Bilde
Helsing frå Bergen Cykleklubb "for uvurderlig hjelp" under Bergen-Voss 2011. Huga at siste utetreninga vert tirsdag 21 juni. Vi startar opp att i byrjinga av august. God somar!!
Dei som har bestilt henting av starnummer for Bergen-Voss kan henta det på sykkelbutikken til Endeve Sport i Uttrågata. Startnumra vil vera på plass onsdag 1 juni om føremiddagen.
Sjå Rune Herheim sin video på YouTube frå 6-vatnsrunden 2011