fredag 11. april 2014

Statens vegvesen skriv:
Sidan etableringa av ny E16 langs Vangsvatnet har den hatt forbod for gåande og syklande. Dei har hatt eit parallelt tilbod på «gamlevegen», dels fylkesveg og dels kommunal veg. Denne sykkeltraseen er godt innarbeidd og mykje brukt både til arbeidsreiser og til rekreasjons/trening.
Som fylgje av at eit parti av den kommunale vegen vart stengd etter skred 20. mars i år, vart sykkelruta broten. Derfor har Regionvegkontoret avgjort å mellombels (3 mnd) oppheve forbodet for gåande og syklande på E16 strekninga Djukastein - Kvåle.
Ein legg til grunn to kompenserande tiltak:
·         Varsle køyrande med skilt at det er syklande på strekninga.
·         Gjere det kjend i lokalpresse at strekninga ikkje er godt tilrettelagd for familiesykkelturar med born og liknande.
Det har vore nødvendig å gjere vedtaket med umiddelbar verknad. Dersom Politiet eller Voss kommune har merknader til vedtaket, kan skiltinga om nødvendig omarbeidast.