Innlegg

Viser innlegg fra oktober, 2011
Då startar vi opp med laurdagspinning laurdag 5 november frå kl 09:00 til 12:00. Egil Brekke vert ansvarshavande. Påmelding på kalenderen som vanleg. Ta med DVD film.
Vi vil no flytta spinningstudioet til Voss Gymnas i gamle gymsalen. Denne vert eit fullverdig treningsstudio då det vert montert vekter, styrkeapparat og slynger. Treningsstudioet i hovudsak vil verta brukt av idrettslina, personalet ved gymnaset og oss. I gamle gymsalen er det stor takhøgd og vi reknar med betre luftkvalitet enn det vi har i dag. På grunn av timeplanen til gymnaset må vi flytta mandagstreningane til tysdagane Torsdagene vert som vanleg og vi får full råderett på laurdagane. Garderobar med dusj vert i nye gymsalen. Flytinga vert truleg i veke 45 som startar mandag 7 november. Mandagstreninga går som vanleg denne veka. Vi kjem tilbake til flyttedag når dette er bestemt. Påmeldingskalendaren på Google vil verta oppdatert så sjå denne for nærmare info. Til flyttinga treng vi sterke menn. Meld dykk til Egil Brekke, eg-brek@online.no mobil 91 58 84 50