På sida sida Trening er det lagt til ei kobling til BCK sine sider der det er mykje nyttig informasjon om trening, kosthald, teknikk m.m.

22.12.10
Dette er den nye internettsida vår. Innhaldet er som før og det meste av tidlegare stoff er lagt over. Dersom du la den gamle internettsida inn som favoritt vil du ikkje koma direkte inn. Legg denne sida til favorittar nok ein gong så skal det verke bra.

Voss sykleklubb ynskjer alle medlemer og sykkelvener ei God Jul.

19.12.10
På grunn av stenging av idrettshallen i jula vert det berre desse treningane:
Mandag 20 desember kl 19.
Mandag 27 desember kl 19.
Mandag 3 januar startar vi opp med fullt program.

18.12.10












Julaspinninga vart ein stor suksess. Med Paul, Thorbjørn og Toril som kapteinar sykle vi Bergen-Voss på under 3 timar. Bilete og videoar på storskjerm inspirerte til stor innsats.
Etter intense forhnadlingar lukkast det oss å få engasjert Julenissen i ei travel tid. Han langa mat og drikke og det såg ut som om han hadde sykkelgener i blodet. Ventilasjonsanlegget var ute av drift på grunn av ombygging og det vart like varmt som i Skjervet i juni. Samla så sveitta vi omlag 40 liter.

14.12.10


















09.11.10
Innetreninga med spinning har starta. Vi har no 30 syklar og trenar 3 gonger i veka ut året. Sjå sida Trening for meir info. Påmelding i Google kalendaren vår som i fjor.

29.08.1
0
Alle VSK medlemer som stilte opp på Birke på laudag klarte merket. Vi graulerer:
Anne-Grete Haugen, Åane Bjørnstad, Steinar Røthe, Tryggve Soldal og Bjørn Hystad.

25.08.10

På sida til Turrtitt.com ligg det aldelskalendarar for fleire turritt, m.a. Bergen-Voss, Trondheim-Oslo og Jontunheimen rundt. I toppmenyen går ein inn på Resultat og då opnar det seg ein undemeny der ein kan velga å søka på ryttar eller ritt.
Lista viser at av våre medlemer har Øyvind Kvamme sykla Bergen-Voss 18 gonger! Jan Kåre Tveite har sykla 16 gonger og Ragnhild Raa Ravndal 10 gonger.

27.07.10

Treninga startar opp att etter somarferien tirsdag 3 august. Sjå sida Trening for tider, møteplass og treningsplan.

21.07.10
På sida Lover og reglar ligg det no ei god brosjyre som viser våre rettar og plikter i trafikken.

28.06.10

Etter ei kjempetid på Bergen-Voss med 4:20 stilte Paul Skeie opp til Trondheim-Oslo med Bergen CK sitt lag for å slå lagsrekorden deira på 14:26. Regnver og motvind gjorde dette umogeleg. Paul låg i rulla heile tida og imponerte med sterk
kjøring. Tida deira vart 14:57. Me GRATULERER Paul.
Frøydis Gulbrå kom inn på tida 19:10, noko som heldt til 13 plass i klassen. Flott innsats.

10.06.10

Bilete frå Bergen-Voss 2010
Sykkelnytt finn du 3000 bilete frå Skjervet.
BCK sine sider finn du bileta til Tom Guldbrandsen.

07.06.10

Så er Bergen-Voss over for denne gongen med mange gode resultat. Dei fleste (om ikkje alle) sette nye personlege
rekordar. Heile 35 frå klubben gjennomførte. Det er omlag ein tredjedal av medlemene
Særleg jentene imponerte. Kristin, Bente, Frøydis og Toril kom alle høgt opp på lista i klassane sine.

Ein STOR TAKK till alle som deltok i dugnadsarbeidet, både dei som sykla og dei andre. Det vart ein lang dag (dagar) for mange.

03.06.10

No kan startnumra hentast i kassa på G-Sport.

02.06.10

Her er oppdatert vaktliste for fredag og laurdag.

28.05.10

Det nærmar seg Bergen-Voss og den store dugnaden vår i samband med eit av dei største turritta i landet.
Det er sent mail til alle medlemer om når dei skal stilla opp for
dugnadsarbeid. Alle må sjekke lista for å sjå korti dei er sett
opp på vakt og elles om dei er ført opp feil.
Det er til saman 3 sider som dekker 2 dagar og du kan vera oppsett fleire plassar
så sjekk nøye alle sidene.
Vi har prøvd å fordela arbeidet jamt på dykk men det har vore svært vanskeleg å få til. Det er særleg den store busstransporten tilbake til Bergen som krev store ressursar.Det vert til saman sendt avgarde 14 bussar og 8 trailerar for syklar som vi skal laste.

27.05.10
Lista for henting av startnummer på Voss er no sendt til BCK.
Dersom du har tinga henting på Voss så sjekk for sikkerheits
skuld at du står på lista.
Startnumra kam hentast på G-Sport frå torsdag 3 juni. Dersom du ikkje har tinga henting gjennom VSK må du no ordne deg sjølv

21.05.10
Statnummer til Bergen-Voss kan hentast på BCK sitt rittkontor frå mandag 31 mai kl 10:00.Som i fjor kan vi få ordne det slik at vi kan hente startnumra på Voss i slutten av veka.
DERSOM DU VIL HENTE STARTNUMMERET PÅ VOSS SÅ
MÅ DU SVARE PÅ EMAILEN SOM ER SENDT ELLER SENDE
MELDING TIL aroen@americanbridge.net.


12.05.10
Rune Herheim sin film av 6-vatnsrunden på YouTube

09.05.10
Takk til deltakarar og dugnadsgjeng for vel gjennomført ritt. Vi har ein Dr. Met. i klubben vår, men han makta diverre ikkje å gjera noko med motvinden, det bles frå nord i alle retningar. Reultatliste vil verta retta for feil kvar dag, sjå sida for 6-vatnsrunden. I billedgalleriet (link til høgre)vert det lagt ut bilete etter som dei kjem inn. Vel møtt til neste år.

08.05.10
Foreløpig puljeinndeling ligg på sida for 6-vatnsrunden.

04.05.10
Siste dag for forhåndspåmelding til 6-vatnsrunden er torsdag 6 mai.

24.04.10
Startidene for Bergen-Voss er no lagt ut på BCK sine sider.

21.04.10
No er sykkeldraktene komne. Ta kontakt, 47 41 76 40, for utlevering. 21.04.10
Det vert mekkeveld på Voss viadaregåande skule på Bryn (yrkesskulen) madag 26 april kl 18:00.  Inngang på oppsida mot vest. Ta med sykkkel og utstyr for slangeskift.

13.04.10  
Sykkel til sals

12.04.10
1 mai går turrittet os Rundt. Sjå invitasjon her.

NB! Vi får stadig vekk e-mailer med invitasjoner til ritt. På sida her legg vi ut berre invitasjonar som vi trur er av spesiell interesse for dei fleste av medlemene. Dersom du ynskjer å konkurera meir er det mange ritt i Hordaland, for oversikt sjå terminlista til Hordaland Cykelekrets på sida Terminliste. I terminlista er det direkte linkar til klubbar og invitasjonar.

08.04.10
Det er mange som er usikre på innstilling av sykkelen. På sida Trening ligg det 3 linkar med nyttig og detaljert info.

29.03.10.
Hugs utetreninga på sykkel som startar rett etter påske, tirsdag 6 april. Frammøte ved Felleskjøpet på Tvildemoen kl 18:00. Treningsreglar og treningsplan ligg på sida: Trening.

23.03.10.
Voss idrettshall er steng mandag 29 mars. Det vert såleis inga spinning. Siste trening torsdag 25 mars.

19.03.10
Påmeldinga til 6-vatnsrunden 9 mai er åpna.

17.03.10Me startar opp utetreninga på sykkel tirsdag 6 april. Frammøte ved Felleskjøpet på Tvildemoen. Meir info og treningsplan ligg på sida Trening.

11.03.10
Vossevangen CK inviterer til vinterduatlon (sykkel/ski) 11 april. Sjå invitasjon her.

08.03.10.
Sykkel til sals. Sjå her

16.02.10
Påmeldinga Nordhordaland Rundt 16 mai er opna. Påmelding her.

14.02.10
Her er linkar til to nye internettsider om sykkel: Syklistene og Sykkelnytt.
Ande bra sider er: Velonews, Cycling Weekly og Feltet.

12.02.10
Sjå artikkel i bladet "Ren Idrett" om antidopingarbeid på Voss

28.01.10
Vi oppfordrar alle medlemer til å ta e-æringskurset "ren utøver"
Som ligg i meyen til høgre. Her får du mykje kunnskap.

27.01.10
Voss sykleklubb har no fått sertifikat som Reint Idrettslag. På årsmøtet ver det foredrag ved Antidoping Norge. Møt opp og få kunnskap om kva som går føre seg i idretten og arbeid mot doping. Sjå lenkane til høgre for meit info.

10.01.10
Årsmøte tysdag 9 februar kl 19:00 i kantina i ”Sail Port” bygget i nedre leir på Tvildemoen. Vanlege årsmøtesaker. Framlegg for årsmøtet skal vera levert styret 14 dagar før møtet. Enkel servering og føredrag om antidoping arbeid ved Jan de Lange frå Antidoping Norge.Vel møtt!03.01.10Vi startar opp att treninga mandag 4 januar.
Treningsplan finn du på sida "trening"

Populære innlegg fra denne bloggen

Verve- og introkveld i Voss Sykleklubb

Utetreninga startar 2 april 19