torsdag 17. mars 2016

Utetreninga startar 5 april

Tysdag 22 mars er siste trening inne og vi takkar dei motiverte og motiverande trenarane våre for ein hard og flott vinter. I år har den største belastninga falle på Egil og Tryggve med litt avlastning av Bente. Vi treng fleire instruktørar til neste haust. MELD DYKK.

Utetreninga startar tysdag 5 april.
Frammøte ved Felleskjøpet på Tvildemoen.
Tirsdagar kl 18:00.   Roleg trening.
Torsdagar kl 18:00.  Intensiv og spesifikk trening.
Laurdagar kl 10:00.  Langtur utan trenar.

Vi vil i år også ha to grupper:
-        Den tradisjonelle gruppa for «aktive» syklistar som gjerne syklar ritt med høg fart. Mykje fokus på feltsykling. Gruppa passer og for andre som ynskjer ei litt hardare trening. Treningane i denne gruppa er likevel sosiale og humørfylte.
-     Ei mosjonsgruppe som har en meir «avslappa» sykkelstil utan det sterke fokuset på prestasjonar. Merk at du også kan få lov å verta sveitt og få høg puls i denne gruppa også.

Treningsplanene for begge gruppene ligg på sida "Trening".
Les gjennom treningsreglementet på sida "Trening".

Pass på at sykkelen er i god stand slik at treningane vert gjennomførde på ein sikker og effektiv måte.

20 april vil vi ha mekkekveld der du kan læra om slangeskift og sykkelstell.

Kle deg godt og vel møtt til ein triveleg sesong.