Utetreningen er i gang – treningsplanen for våren 2026
Feltsykling er kjekt og gjevande. Samstundes er det slik at somme kvir seg for å ta til med denne typen trening. For å bøta på dette kan klubben tilby individuell introduksjon til temaet. Etter avtale kan me sykla saman i mindre grupper eller med einskildpersonar for å gjera nye og gamle medlemmer tryggare på syklinga si slik at det skal vera lett å ta til med feltsykling. Ta kontakt via e-adressa vossykle@gmail.com eller SMS/telefon 909 32 527 om dette er interessant for deg. Om du møter opp kl. 17:40 på den fyrste treninga (tysdag) kan du få ein kort introduksjon til sykling med klubben.
Alle treningane i VSK er tenkte slik at alle, uavhengig av nivå, skal kunne få glede og utbyte av treningane, jamfør ogso treningsreglane våre. Ta kontakt med oss om du ikkje opplever treningane våre på den måten, so finn me ut av eventuelle problem i lag.
Me minner elles om kor viktig det er å gje melding baketter i feltet når ein ser hindringar i vegen, t.d. hol i asfalten som er slik at dei kan vera fårlege å hamna oppi.
Me nyttar òg høvet til å minna på det som står i treningsreglane om merking av hjelmen: Set namnet ditt på båe sider og helst bak på hjelmen – på den måten lærer me kvarandre lettare å kjenna og beskjedar i feltet kjem òg lettare fram.
Bergen-Voss
Rittet er for mange av oss eit høgdepunkt om våren. Rittet går laurdag 6. juni. Me ber deg halda av fredagen og laurdagen til dugnadsarbeid. Mange av dugnadsvaktene våre for rittet er lagde til berre ein av dagane, men inntil dugnadslista vert sendt ut er det fint om du unngår andre avtalar dei to dagane – takk for forståinga.
Vèl møtt på treningane!
MVH,
Inge Hommedal
nestleiar

