20.12.09
Siste trening før jol vert mandag 21 desember.
Me startar opp att mandag 4 januar.
20.12.09
Terminlista for 2010 finn du på sida Terminliste.
10.12.09
Det vert 3 timar jolaspinning laurdag 19 desember kl 14-17.
Påmelding som vanleg i g-mail kalendaren. Meir info her.
11.10.09 Laurdagspinning
Vi vil starta opp med spinning på laurdagar 17 oktober.
Dette vert eit felles opplegg med Vossevangen CK.
Tida vert 10:00-13:00 og det vert gjennomført som ein roleg
langtur. Det vert vising av filmar. Send gjerne forslag om film
til Paul Skeie (mob. 91 81 48 23, e-mail paul.skeie@gmail.com)
som vert ansvarleg for opplegget.
Påmelding som vanleg for mandagspinninga på g-mail
kalendaren vår.
05.10.09
Treningsplanen for hausten 09 er lagt ut på sida Trening.
29.09.09

Spinning-studioet vart opna i går. Det var fullt hus og det vart
sykla så det lukta svidd.
Takk til alle som har bidrege med dugnadsarbeid gjennom året
som har gjort dette mogeleg.
21.09.09
Spinninga startar i eige spinningstudion mandag 28 september
kl 19:00. Mail er sendt til alle medlemer. Har du ikkje fått den
så ta med arne.roen@c2i.net.
Den tradisjonelle torsdagstreninga startar torsdag 1 oktober.
Vi held no til i aerobic salen i idrettshallen og brukar
garderobane der. Jenter nr. 9 og gutar nr 10.
Dei som ikkje vil springa ute den fyrste timen kan bruka
spinningsykkel på eige hand.
10.09.09
Kjempeflott tempotest med Vossevangen CK i går. Sjå tider
her. Nokre bilete er lagt ut på bildegalleriet vårt (meny til
høgre).
10.09.09
På ektraordinært årsmøte mandag 7 september vart det
vedteke at vi skal etablere eige spinningstudio i idrettshallen.
Leigeavtale er skreven med idrettshallen og syklane er bestilt
hjå BoA.Vi skal være klar til haust/vinter-treninga startar.
Det vert spinning mandagar kl 19-21.
Torsdagen vert omlag som før med springing og deretter styrke
i idrettshallen. Det vert høve å spinna for dei som ikkje vil
springa. Vi bruker aerobic rommet i underetasjen og det er to
store og gode garderobar.
Vi har også fått god rabattavtale hjå BoA Sykler.
Ta med medlemkort når du skal handla
26.08.09
Vossevangen Cykleklubb inviterer til temporitt 9 september.
Sjå heimesida deira her.
24.08.09
Styret i Voss sykleklubb viser til sak 10 på årsmøtet 10 februar
og vedtektene paragraf 6 og kaller med dette medlemene
inn til ekstraordinært årmøte.
Stad: ”Sail Port” bygget på Tvildemoen.
Tid: 7 september 2009 kl 19:30.
Sakliste: Etablering av eige spinningstudio.
19.07.09
Treningsplan for august og september er lagt ut på sida
Trening
24.07.09: Trening.
Vi startar opp fellestreninga landeveg etter ferien tirsdag
4 august
Roleg trening på tirsdager. Intervall og hard trening
på torsdagar
Frammøte på Tvildemoen ved Felleskjøpet kl 18:00.
24.07.09: Sykkel til sals.
Sykkel til sals, sjå sida Til sals.

16.06.09
Vil du sykla ritt i somar så går Hardingarittet 25 juli.
Rittet går frå Utne til Lofthus og er 77 km utan store bakkar.
Link til IL Harding med innbydelse.
07.06.09
Det var stor innsats frå syklisatane våre og alle som deltok i
dugnadsarbeidet. Vi gratulerer med resultata og seier tusen
takk for dugnadsinnsasten som førte til ei vellukka
gjennomføring.
Resultatliste finn du her.
BCK (Tom Guldbransen) sine bilete finn du her.
03.06.09
Vaktplan for dugnadsarbeidet i samband med
Bergen-Voss kan lastast ned på Medlemsida.
02.06.09.
Henting av startnummer som vart tinga gjennom klubben kan
hentast på S Endeve Sport, sykkelbutikken i VIMI-bygget.
Dei er tilgjengeleg frå onsdag morgon i butikktida.
27.05.09. Brukte syklar.
Det er lage ei ny side for brukte syklar. Sjå menyen til venstre.
Nils Een har lagt ut sykkel til sals.

07.05.09
Treningsplan del 2 ligg på sida Trening.
04.05.09
6-vatnsrunden vart gjennomført med bra vær og gode
resultat på alle nivå. 174 ryttarar fullførde.
Reslutatlista ligg på sida for rittet og vil verta oppdatert
etter kvart. Bilete er lagt ut, link til høgre.
Ein stor takk til dugnadsgjengen som gjorde ein flott innsats.
30.04.09
Puljeinndelinga for 6-vatnsrunden ligg på sida for rittet.
03.04.09
Påmelding til Norhordaland rundt 16 mai er opna.
Påmelding på Norhordaland SK sine sider
Påmeldinga til Skjærgårdrittet 1 juni er opna. Påmelding her.
Meir info på Sotra CK sine sider.
30.03.09
Det vert klubbkveld med "mekking" og opplæring i slangeskift
onsdag 22 april. Det kjem meir info seinare.
26.03.09: Trening.
Vi startar opp fellestreninga landeveg tirsdag 31 mars.
Roleg trening på tirsdager. Intervall og hard trening
på torsdagar
Frammøte på Tvildemoen ved Felleskjøpet kl 18:00.
Jostein Moe vil være trenar.
Treningsplan ligg på sida trening.
Hugs 6-vatnsrunden 3 mai og Bergen-Voss 6 juni.
05.02.09
Treningsplan for siste delen av vinteren er lagt ut på
sida: Trening (retta 15.02.09)
02.02.09
Terminlista for 2009 er lagt ut på eige side. Sjå menyen til
venstre.
25.01.09
6-vatnsrunden vert i år søndag 3 mai.
06.01.09
Treningsplan for fyrste delen av vintyeren er lagt ut på
sida: Trening